MERKING AV HJORT PÅ SØRE SUNNMØRE - PROSJEKTBESKRIVELSE
BAKGRUNN
Søre Sunnmøre Hjorteviltutval blei skipa onsdag 30. september 1998. Hovudføremålet med utvalet er å vere eit rådgjevande organ i forvaltning av storvilt med hovudoppgåve å arbeide for felles hjorteviltforvaltning av fagleg høg standard, der hjorteviltet vert sett på som ein regional ressurs.
For å kunne legge opp til ei god og kunnskapsbasert forvaltning av hjortebestanden i området vil det vere avgjerande å få kartlagt vandringsmønster, bestandsstorleik og bestandssamansetjing. Frå faghald er det uttala at knapt nokon annan stad innan det norske utbreiingsområdet ligg det føre så lite konkret kunnskap om hjorten.
Merkinga skal foregå i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta kommuner på Søre Sunnmøre. Vi vil satse på å samkøyre med andre prosjekt i området. Kommunane Eid, Stryn og Gloppen er også i oppstartingsfasa av eit prosjekt, og vi vil søkje å samarbeide med desse på dei felt dette er naturleg.
FRAMDRIFT
Prosjektet er tenkt gjennomført gjennom ein kombinasjon av hjelp frå konsulentar og innsats av frivillige. Konsulentane er tenkt nytta i ei tidleg fase, for igangsetting og kompetanseheving blant medlemene av utvalet og andre friviljuge. Det har difor vore sentralt å få kursa lokale veterinærar opp i immoblisering av hjort. Vi har til no hatt ein veterinær på kurs, og håpar å kurse 1-2 til.
Det har vist seg å vere vanskeleg å få tak i nokon som kan ta på seg eit slikt prosjekt. I utgangspunktet var det ønskja at ein skulle nytte NINA til dette prosjektet. Ein bestemte seg for at ein i tillegg til NINA skulle hente inn tilbod frå Biotop v/Per Espen Fjell før ein avgjorde kven ein skulle knytte til seg. Då utvalet ikkje fann nokon av desse tilboda gode nok med tanke på pris, tok ein kontakt med Norsk Hjortesenter på Svanøy. Hausten 1999 kom desse med eit tilbod som utvalet aksepterte.
Vi kom så vidt i gang seinvinteren 2000. Det blei satsa på kommunane Ørsta og Volda då det låg mykje snø her. Med bakgrunn i forholda på merkeplassane vart det Ørsta kommune det vart satsa mest på, og det blei tilsaman merka 5 dyr. Eit på Vartdal, to i Follestaddalen og to Sæbødalen. Vi anser desse merkingane som eit forprosjekt og ser på vinteren 2000/2001 som oppstartsvinteren.
FORMÅL
Ein ønskjer gjennom merkeprosjektet å:
- Bekrefte kvar hovudtrekka i regionen går.
- Finne hovudtrekk ut/inn av regionen.
- Finne kva type dyr som trekk, alder og kjønn.
- Finne leveområde gjennom året.
- Få opplysningar om bestandsstruktur.
- Medisinske undersøkingar.
Kunnskapen vil ha betydning vedrørande framtidig forvaltning av hjorten på Søre Sunnmøre. Ein går utifrå at bestanden i området i stor grad er felles, men foreliggande kunnskap er ikkje god nok for å kunne utføre ei best mogleg forvaltning. Til dette treng ein konkret og detaljert kunnskap som gir ein det rette handlingsverktøyet, og vi trur at slik kunnskap vil gjere oss i stand til å oppnå dei mål som Direktoratet for Naturforvaltning har sett opp i hjorteviltforskriftene samt å forebygge beiteskader
Utviklinga mot større lokalt ansvar i hjorteviltforvaltninga gjer eit slikt prosjekt heller ikkje mindre aktuelt og håpet er at vi i framtida skal kunne forvalte hjorteviltstamma betre i forhold blant anna bestandsstruktur og beiteskadeproblematikk.
Samtidig håper vi sjølvsagt på ei generell interesse- og kunnskapsauke rundt hjort og den forvaltninga som vert utøvd rundt om i kommunane.
UTFØRING
I kvar av dei enkelte kommunene vil det bli fòra på 2 - 3 plassar. Vi forventar at det likevel blir 1 –2 plass av desse som peiker seg ut som gunstig, og som vert brukt under merking. Merkeplassane vert opparbeidde med bakgrunn i erfaringar frå merkeprosjekt andre stader, og erfaringar som vi sjlve no har gjort denne vinteren. Problemet, særleg i dei ytre delane av området, er svært ustabile snøforhold. Langvarige snøperioder har dei siste åra vore sjeldne.
Viktige eigenskapar ved ein merkeplass er blant anna:
Engasjert "vertskap" då dette krever mykje arbeid.
Plassen er slik at dyra er vande med menneskelege aktivitetar
Ein kan kome seg på skuddhold medan dyra er på plass
Ei viss avstand til tett skog då det kan ta noko tid før bedøvinga verkar.
Ansvarsforhold ved merkinga vert slik at kommunen/viltnemnda innhentar tillatelse frå grunneigarane, og har ansvaret for det økonomiske vedrørande fòrkostnader/arbeid med foring. Hjorteviltutvalet orienterer lensmannsetaten. Norsk Hjortesenter tek seg av formalitetane vedrørande DN og veterinærmyndigheitene.
Merke- og trekkruteforsøket er i utgangspunktet 3-årig, men med ei oppfølgingsperiode på 3 år. Ein ønskjer i den samanheng å få opplært lokale veterinærer, som seinare i prosjektet kan stå for det praktiske veterinærarbeidet under merkinga. Vi vil òg søkje å knyte til oss student(ar) innan naturforvaltning for oppfølging av prosjektet og rapportskriving.
Det er eit krav frå kvar enkelt kommune at merkinga skal vere slik at ein på god avstand er i stand til å sjå kva kommune dyra er merka i, f.eks. kommunevise fargar. Det er ønskjeleg med radiomerking av i utgangspunktet 3 –5 dyr.
Generelle opplysningar om prosjektet får ein gjennom å kontakte Alv Ottar Folkestad på telefon 70 01 75 16 el. e-post alv.o.folkestad@ulstein.kommune.no og Sigurd Nygård på mobiltelefonnr. 970 69126.